Heimesida vår nyttar såkalla "cookies" for å gjere opplevinga di så god som råd. Vi lagrar ikkje personleg informasjon, og har ingen forbindelse med tredjepartsaktørar som til dømes annonsering eller liknande. Ved å nytte heimesida vår godkjenner du at vi har slike "cookies". 

Billettkjøp

Enkelte har opplevd problem med billettkjøpet. For å hjelpe på dette, har vi sett opp nokre viktige punkt:

  • Sørg for at datamaskina/nettbrettet/telefonen du brukar handterar den autentisering din bank brukar (til dømes BankID) – Spør din kortleverandør om hjelp om du er usikker.
  • Du må legge inn epostadresse for å gjennomføre kjøpet. Det er til denne epostadressa billettane vert sende til. 
    Dersom du ikkje mottek billettane innan rimeleg tid; sjekk fyrst søppelpostkasse. Vi har erfart at spesielt brukarar av Gmail får epostane frå billettsystemet i søppelkassa. Om du ikkje finn dei der, ta då kontakt med oss.
  • Det har vore enorm pågong når vi har lagt billettar ut for sal. Dette resulterer i «kø» i billettsystemet. Sist gong såg vi at laurdagane var fyrst utseld, medan det på fredagar var tidvis ein god del ledig ei god stund. Billettsystemet virkar slik at når du er inne og prøvar å kjøpe billettar, låser systemet dei billettane du har valt til deg. Om du av ein eller annan grunn avbryt kjøpet (problem med betaling, eller andre ting osb), vil desse billetane vere låst i rundt 15 min. I denne tida er det ingen som når tak i billettane, ikkje eingong vi som sit «bak spakane». Dette er ei sikkerheit i systemet for å unngå dobbeltsal av billettar. Det einaste du kan gjere er å gå ut, og prøve på nytt. Etterkvart som dei låste billettane verte opplåste, vil dei verte tilgjengelege. ​
  • Vi testar systemet jamt og trutt, og til no har vi ikkje hatt tekniske problem. Problema mange opplev skriv seg til ein av grunnan ovanfor. Sjekk difor opp om maskin- og programvaren du brukar kan handtere korthandel.
  • Skulle det dukke opp andre problem enn dei som er nemnt ovanfor, er det berre å ta kontakt med oss.

Show

  • Den som bestiller billett inkludert drikke får servert tilpassa vin- eller ølpakke.
  • Det er ikkje tillete med medbrakt drikke på Dinnershow.
  • Aldersgrense på Dinnershow er 20 år.
  • Vi har skjenkeløyve, bankterminal er tilgjengeleg.
  • Har du ein form for matallergi er det fint om du kan ta kontakt med oss i god tid før showet. Send då e-post til harald@tannstad.no eller sms/ring til Harald på 91318358
  • Tidsplanen for Dinnershowet er
    • Dørene opnar kl 19:30.
    • Showet er slutt om lag 01:00