Heimesida vår nyttar såkalla "cookies" for å gjere opplevinga di så god som råd. Vi lagrar ikkje personleg informasjon, og har ingen forbindelse med tredjepartsaktørar som til dømes annonsering eller liknande. Ved å nytte heimesida vår godkjenner du at vi har slike "cookies". 

Billettar kan kjøpast på ebillett-sida til Landsbyhuset Breidablik.

Dersom de er ei større gruppe (meir enn 6 personar), kan de ta kontakt med gruppe@feel-it.no.

Alle prisar er inklusive mva. Billettgebyr (kr 30,-/billett) kjem i tillegg. Billettprisen inkluderer show, 4 retters middag, og velkomstdrink. I tillegg kan du velje tre variantar drikkepakkar. Det vil også vere høve å kjøpe drikke i baren.

Billett m/vinpakke til maten…….. 1 240,-
Billett m/ølpakke til maten……… 1 290,-
Billett m/mineralvatn til maten….. 1 075,-
Billett u/drikke til maten…………. 995,-

Det er billettsal på nett. NB: Ny løysing på billettsystemet gjer diverre at det i år ikkje er råd å velje plassar på førehand. Du vel berre kategori (drikkepakke) og antal. Billettar i same kjøp vert plassert samla. Du og dine vil verte tilvist plass når du kjem på show.

​Billettkjøp er endeleg, og kan i utgangspunktet ikkje refunderast. Skulle det derimot oppstå heilt spesielle tilhøve; ta kontakt med oss så skal vi sjå kva vi kan få til.

Sjå elles «PRAKTISK» for tekniske detaljar kring billettkjøpet.