Då er Feel It sesong 2026 historie, og vi har lagt bak oss dinnershow nummer 90 til 99. Tenk det – 99 show! Vi er klar for ny sesong 2027, og arbeidet med repertoaret har byrja. Vi tenkjer også litt på om vi skal finne på noko ekstra tøft for dinnershow nummer 100!
Vi vil nytte høve å takke alle som har vore med og gjort ein innsats for Feel It, både på og bak scena, i Landsbyhuset Breidablik og Gamlebanken Scene. Vi vil også rette ein stor takk til alle sponsorane våre, og vår gode buss-samarbeidspartnar West Auto.
Den aller størsta takka går likevel til vårt fantastiske publikum – utan dokke hadde det ikkje vore mogleg å få dette til!
Vi kjem tilbake med informasjon om sesongen 2027 etterkvart – berre å byrje å gle seg.

Her er ein del av gjengen bak Feel It samla for sesongfotografering.
